Ingrid Fiskaa (SV): Vil statsråden og regjeringa fordømme angrepet på Freedom Flotilla-skipet «Conscience», som gjorde forsøk på å bryte blokaden mot Gaza?
Begrunnelse
Fleire medium melder 2. mai at Freedom Flotilla Coalition skipet «Conscience» har vorte råka av eit israelsk droneåtak i internasjonalt farvatn medan det var på veg til Gaza. Åtaket sette skipet i brann, slo hol i skroget og lamma generatoren, slik at fartøyet kom i havsnød og stod i fare for å synke. Mange sivile hamna dermed i livsfare. Dersom rapportane stemmer, og Israel faktisk står bak eit slikt åtak, er dette særs alvorleg. Skipet var i internasjonalt farvatn og prøvde å bryte ein folkerettsstridig blokade mot Gaza. Dette var eit ikkje-stridande, sivilt fartøy på ope hav – i strid med havretten sitt prinsipp om fri ferdsel nedfelt i UNCLOS, og i strid med krigens folkerett.
Utanriksministeren har sjølv fordømt målretta åtak på humanitære hjelpearbeidarar i Gaza. Dette åtaket liknar dei hendingane utanriksministeren har fordømt, og verkar som ei alvorleg opptrapping av Israels vilje til å bruke dødeleg makt mot sivile motstandarar utanfor eigne grenser. Dersom folkeretten, krigsretten og den særlege verna sivile har, blir undergravne, råkar det oss alle. Eg minner òg om at norske borgarar tidlegare har vorte utsette for vald frå israelsk militær under forsøk på å bryte blokaden mot Gaza.