Ingrid Fiskaa (SV): Vil utanriksministeren legga press på overgangsregjeringa i Syria slik at dei melder seg inn i Den internasjonale straffedomstolen, og vil Noreg stilla opp med ressursar slik at domstolen kan starta opp etterforsking så snart som råd?
Begrunnelse
Den siste tida har det kome urovekkande nyhende om lynsjing og drap av sivile alawittar og kristne i Syria. Det er uklart kva omfang valdshendingane har, og kva rolle dei nye styresmaktene har i dei.
At Assad-regimet var skuldig i grove brot på menneskerettane er derimot heva over tvil. Det er viktig at både nye og tidlegare brotsverk vert etterforska og dei ansvarlege vert straffa. Straffefridom gir grobotn for lynsjing og utanomrettsleg vald som vil ramma uskuldige, og gjer forsoningsprosessen mellom dei ulike folkegruppene i Syria svært vanskeleg.
Syria har ikkje eit skikkeleg rettssystem og har behov for internasjonal støtte i denne prosessen. Syria treng Den internasjonale straffedomstolen, men landet er ikkje medlem av ICC.